Formannskapet i Tingvoll kommune gav tirsdag Ap-ordførar Milly Bente Nørsett fullmakt til å bruke inntil 100 000 kroner – til nok eit forsøke på å stoppe planane for eit deponi for farleg avfall på Raudsand i Nesset. Det skriver avisen Tidens Krav .
Nørsett er også styremedlem i organisasjonen «Jeg velger meg et giftfritt Nesset», og skal no kontakte nærliggande kommunar for å samle inn meir pengar.
Pengane skal gå til å støtte Norges Miljøvernforbund og leder Kurt Oddekalv sin kamp mot deponiet. NRK har vore i kontakt med selskapet Bergmesteren Raudsand, som jobbar for å få på plass deponiet. Dei ønskjer å ikkje kommentere saka.